Utmerkelsen Årets Svilandsbu vart i år tildelt for lang og god innsats på fleire område i bygda.
Blant fleire gode kandidater er det denne gongen lagt merke til god dugnadsånd som kjem godt med i fleire lag og organisasjoner, og generelt hvis folk treng litt tilfeldig hjelp av og til.
Forslagsstillarane har nevnt at vedkommande har vore mykje med på å hjelpe både Fjellbygda 4H og Sviland skulekorps, i tillegg til diverse andre dugnader. Frå 4H har me fått med at det notert ein karriere på til saman 13 år som klubbrådgjevar, i tidsrommet 1993 til 2006, i tillegg til stor innsats som ikkje er loggført.
Årets Svilandsbu tildeles i år for stor omtanke for andre. Både ungdommar og eldre har hatt glede av arbeidet som er utført.
Platten med påskrifta Årets Svilandsbu går dette året til ein stad ikkje heilt midt i bygda. Det inntrykket andre svilandsbuer har, er at det likevel ikkje har vore langt å ta turen til Sviland eller andre plasser i bygda for å gjera ein innsats.
Utmerkelsen deles av to personer dette året.Den eine er kjent frå 4H for flott innsats frå starten av laget i Fjellbygda, for verv på skulen, for å ha vore med å starta strikkekafe og ellers blant anna som svært aktiv i Bondekvinnelaget i over 20 år, den andre er for eksempel kjent som ressursperson og svært populær hovedkokk for 4H.
Årets Svilandsbuer 2008 er Evy Ann og Kjell Audun Seldal.
Utmerkelsen vart overrakt søndag 14. desember i Sviland kapell under arrangementet " Vi synger julen inn ".
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar