Kalender

mandag, desember 17, 2007

Årets Svilandsbu 2007

. ...................Frå overrekkelsen i Sviland kapell 16.12.
.................... Erling Nordland mottar utmerkelsen av
. ...................Kirsten Hognestad Tveit. Foto: Mari Tveit


Årets Svilandsbu 2007 er ein person som utmerkar seg med å vera arbeidssom, munter og grei å ha med å gjera. Vedkommande har ein teft for å organisera som bygdå drar stor nytte av.

Årets Svilandsbu 2007 er Erling Nordland !

Erling er foreslått av mange til denne utmerkelsen.

Dei som har vore heldige og fått Erling til å stå for eit prosjekt, kan fortelja om ein general som har oversikten der det skjer, og fordeler oppgaver. Både det som skal gjerast nå og framover i tid. Det er liten sjanse til å lura seg av.

Men i motsetning til generalar flest, så er Erling sjøl travelt opptatt med å gjera det same som fotfolket. Binda jern og bera forskaling. Er ikkje redd for å ta i. Og heile tida med godt humør som pregar arbeidsplassen.

Forslagstillarane skriv blant anna :

” Han har i mange år arbeidd for bygdas vel, som :
Opparbeiding av idrettsplassar.
Framragande innsats då Auglend bedehus blei bygd og som frå 1978 til denne dag har vore tilhaldsstad for ein ungdomsklubb.
Nå i 2007 maling av Sviland kyrkje. Der mange snakka om det, men han tok tak i det og fekk det gjort. ”

Dette siste har mange friskt i minne. Derfor passar det vel greit at utmerkelsen er dekorert med – utanom Sygnå – eit forholdsvis nymalt kapell …

Gratulerer !

Sviland bydelsutvalg

Ingen kommentarer: