Årets Svilandsbu 2009 stilles det store forventningar til. Som med Nobelprisen i år så er denne hedersprisen også «call to action» og det kjem me tilbake til.
Denne Svilandsbuen har ennå ikkje hatt valgkampanjer for å koma med i styrer av forskjellige slag. Så er det er heller ikkje for styreverv prisen blir tildelt i år, for det har vedkommande unngått etter beste evne.
Me veit at Årets Svilandsbu er veldig glad i og opptatt av bygdå Sviland, etter mange år her.
Personen me vil hedra har blant anna formidla inntrykk frå bondebygdå på ein vennleg måte i lokale media.
Vedkommande har også:
- Vore aktiv i idrettslaget, med mange år som fotballspelar
- Leda musikklag i bygdå
- Leda Svilandskarane
- Skrive mange humoristiske innslag for Sygnaljom og Svilandskarane, ofte med tilknytning til bygdå og det som rører seg her
- Starta konfirmantkor
- Verv som klokkar i kapellet vårt
Når me innledningsvis nevner «call to action» er det fordi Årets Svilandsbu er blitt pensjonist og me har store forventningar til han fortsatt -.
Årets Svilandsbu 2009 er Roald Skjæveland. Gratulerer!
1 kommentar:
Gratulerer så mye. Veldig fortjent.
Legg inn en kommentar