Som i fjor arrangerer Sviland bydelsutvalg ryddedag i bydelen. Me vil prøva å få rydda langs veiene denne våren også. Det vart godt resultat både i Søredalen og deler av Sviland i fjor.
Dette året har me sett ei fast tid for ryddeaksjonen :
Onsdag 18.april kl.1900-2100, møt opp ved miljøstasjonen ved Sviland Samfunnshus.
Container for restavfall er bestilt og vil stå ved miljøstasjonen. Har nokon bil med hengar eller ein pickup er det fint å ta med den. Det trengs både fotfolk og sjåførar.
Bygdekvinnelaget stiller opp og steiker lappar og ordnar kaffi og saft til ryddemannskapet.
Sviland Maskinstasjon stiller også i år opp for reinare miljø i bygdå med traktor og hengar.
Kontaktperson for ryddedagen : Leiv Velle Åreskjold, 90 94 80 02 eller vaareskj@online.no
PS – har du restavfall heime som du vil bli kvitt går det sikkert oppi containeren det og.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar